Random image
onsdag 8. februar 2012

Ukens dikt fra E-diktet


Tid att

Så var det ikkje tid, berre vandring

i eit mytelaust land,

ei sommarnatt av synd og

segn, av salt og salvie,

ein augneblink

av evig utlægd. Så var det mogeleg

å aldri eldast, men alltid eldast saman,

slik dagen ikkje er dag utan netter, og natta

ik­kje er natt utan dagar, slik vatnet

alltid formast etter fjel­let,

og fjellet er forma av vatn, slik tida formast

mot ei anna tid, slik tida er

forma mot ei tid

i uti­de.

Forfatter: Bjarte Bjørkum
Utgitt: spesielt for E-diktet




Velg tekststørrelse
A A A
Bazar
ønskebok
Biblioteksvar

Detektor

bokportalen

bokpodlink

Leser søker bok

Boknyheter

Banner ediktet
Slektsforskning

Relevante sider